Arnljot Eggen: "Triumfatorane"

Ei rett side finst

alltid for dei som vil vente

oppe på gjerdet

der er det sikraste

søster- og brorskap

lite forplikta

sit dei som teiande vitne

på høveleg avstand

til innmarsjane

utmarsjane

krossfestingane

massakrane

demonstrasjonane

razziane

transportane

utan ei illojal

overilt ytring

enn seia handling

mot dei som har makta

eller sikrast vil vinne

Ei rett side finst

når kjettarane

opprørarane

forkjemparane

minoritetane

og alle som elles

til skiftande tider

er klart definerte

som tapande part

 

Ei rett side finst

når den sigrande atter

har oppretta orden

med rett side kvit

og feil side svart

utan forvirrande

gråtonar mellom

slik at dei

som sit oppe på gjerdet

veit sikkert og visst

kor rett side er

og kan triumfere

trygt

til så lenge

Fra Dikt mot det stumme, 1993

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 04.09.2006

© Cappelen Damm AS