Nynorsk som sidemål

Tek du for deg ein nynorsktekst og markerer dei orda du berre kan bruke på nynorsk, ser du at det ikkje gjeld så mange. Dei fleste orda er felles for bokmål og nynorsk, men det kan vere skilnader mellom skrivemåten, og korleis en bøyer dei. Men på nokre område er det forskjellar mellom bokmål og nynorsk. Her skal vi sjå nærare på noko av det du må vere spesielt merksam på når du har nynorsk som sidemål.

Ordtilfang

Dei fleste orda er felles på nynorsk og bokmål. Men det er også ein del skilnader. Her skal vi sjå på nokre av dei mest sentrale.

 

"An-be-heit-else-ord"

Ord som byrjar med prefiksa an- og -be, er lånord som vi har fått frå tysk. Samanlikna med bokmål blir få av desse orda brukte på nynorsk. Rett nok har det vore ei viss oppmjuking, slik at det no er lov å skrive fleire av dei enn det var for nokre år sidan. I dag er til dømes desse an-be-heit-else-orda tillatne: angrep, anfall, anlegg, bedra, bedrift, befolkning, behaldar, beherske, leilegheit, mog(e)legheit og nyheit. Suffikset -else finn vi berre i nokre få ord med konkret tyding: betennelse, fordøyelse, stivelse.

        Men sjølv om mange "an-be-het-else-ord" er tillatne, bør du prøve å bruke mest mogleg nynorske uttrykksmåtar. I staden for å skrive "Eg beherskar ikkje dette så godt", kan du seie: "Eg er ikkje så flink til dette." Er du i tvil om eit ord er tillate eller ikkje, kan du slå opp i ordboka. Står det ikkje der, må du rekne med at det ikkje finst på nynorsk. Mange ordbøker har eit fornorskningstilleg, men før du nyttar det, bør du prøve å skrive om. Vi skal sjå nærare på nokre av dei alternativa du har for desse orda.

 

Bokmålsord på -else:

På nynorsk blir ofte -ing brukt i staden for -else for å lage substantiv av verb: opplevelse - oppleving. Andre gonger har nynorsk andre ord enn bokmål: begravelse - gravferd, forbrytelse - brotsverk, opprinnelse - opphav.

 

Bokmålsord på het:

Suffikset -het gjer adjektiv om til substantiv på bokmål. Nynorsk har ei rekkje andre suffiks.

-leik: kjærlighet: kjær -> kjærleik

trygghet: trygg -> tryggleik

 

-løyse: arbeidsledighet: arbeidslaus -> arbeidsløyse

hjelpeløshet: hjelpelaus -> hjelpeløyse

 

-semd: hjelpsomhet: hjelpsam -> hjelpsemd

takknemlighet: takksam -> takksemd

 

-skap: helhet: heil -> heilskap

likhet: lik -> likskap

 

Av og til blir substantiva kortare enn adjektivet fordi vi går tilbake til grunnordet: rettferdighet: rettferdig -> rettferd

 

Substantivsjuke

Ein tekst med mange substantivuttrykk kan lett få eit tungt og konservativt preg. Ofte er substantiva laga av verb, til dømes forteljing av å fortelje og gransking av å granske. Slike substantiv kallar vi verbalsubstantiv. Sjå på desse to setningane:

 

Ho bad dei om å granske papira.

Ho bad om ei gransking av papira.

 

I daglegtalen er den første uttrykksmåten mest vanleg. Den andre setninga har mykje meir preg av skriftspråk. Når det er mange verbalsubstantiv i ein tekst, kallar vi det substantivsjuke. Det bør du prøve å unngå både på bokmål og nynorsk, men nynorsk "toler" enda mindre av slike konstruksjonar enn bokmål. Sjå på denne setninga:

 

Direktøren avla forretningen et besøk fordi hun skulle gi en redegjørelse om at at bedriftens ledelse ville foreta omstrukteringer i den nærmeste fremtid.

 

Ei slik setning må du skrive heilt om på nynorsk, til dømes slik:

 

Direktøren besøkte forretninga fordi ho skulle orientere om at bedriftsleiinga ville strukturere om drifta i næraste framtid.

 

Denne setninga har fått eit meir munnleg preg, og dei fleste synest nok at denne forma ville ha vore betre på bokmål òg.

 

 

Genitiv

Genitiv med -s er meir vanleg på bokmål enn på nynorsk. På nynorsk blir s-genitiv helst brukt når

-         det er personar som eig noko: Eg prøvde Pers moped.

-         I samband med tid og mål: ein halv times tid, i tjue kilometes fart.

 

På nynorsk er omskriven eigeform mest vanleg, og vi kan skrive om på ulike måtar:

 

-         Uttrykk med sin/si/sitt/sine: Pers moped -> Per sin moped.

-         Preposisjonar: Pers moped -> mopeden til Per, husets eigar -> eigaren av huset

-         Samansetningar: bedriftas leiing -> bedriftsleiinga

-         Omskriving med setning: byens bensinstasjonar -> bensinstasjonane (som ligg) i byen.

 

Prøv å variere språkbruken. Du bør til dømes ikkje bruke sin/sitt/sine kvar gong du skriv om ein s-genitiv.

 

Enkel og dobbel bestemming

På norsk skil vi mellom enkel og dobbel bestemming. Vi har dobbel bestemming når eit substantiv står i bunden form og har eit pronomen eller ein artikkel + adjektiv framfor seg: den dagen, dei gode dagane. Bunden form av substantivet + etterstilt eigedomsord gir også dobbel bestemming: fødselsdagen hennar. Står substantivet i ubunden form i dei nemnde tilfella, kallar vi det enkel bestemming.

        I norsk talemål har dobbel bestemming alltid vore mest vanleg. I nynorsk, som byggjer på dialektane, er hovudregelen at det skal vere dobbel dobbel bestemmning. Berre når føremålet er å samanlikne eller framheve eit eigedomsforhold, finn vi enkel bestemming: "Dine ski er lengre enn mine." "Di venninne kan godt vere med, men ikkje venninnene til dei andre." Også i bokmål er det mest vanleg med dobbel bestemming, men denne målforma "toler" fleire former med enkel bestemming enn det nynorsk gjer.

Verb

Nokre  verb har sterk bøying på bokmål og svak bøying på nynorsk. Andre har svak bøying på bokmål og sterk på nynorsk. Her er ei oversikt over dei vanlegaste:

 

 

Bokmål              Nynorsk

Sterk bøying       Svak bøying

Infinitiv             Infinitiv Presens preteritum Perfektum partisipp

hjelpe                       hjelpe hjelpe hjelpte hjelpt

treffe                        treffe treffer trefte treft

trekke                       trekkje trekkjer trekte trekt

tvinge                       tvinge tvingar tvinga tvinga

 

Bokmål                      Nynorsk

Svak bøying               Sterk bøying

Infinitiv                     Infinitiv Presens preteritum Perfektum partisipp

drepe                        drepe drep drap drepe/drepi

grave                        grave grev grov grave/gravi

lese                          lese les las lese

skinne                       skine skin skein skine/skini

trenge                       trenge treng trong trunge/trungi

vokse                        vekse veks voks vakse/vaksi

 

Aktiv - passiv

Passiv er ein naturleg del av språket, og vi bruker denne forma mellom anna når vi ikkje vil eller kan nemne subjektet: "Han vart drepen i krigen." "I dag blir store delar av regnskogane på jorda utrydda." Men dersom det ikkje er nokon spesiell grunn til å bruke passiv, bør vi velje aktiv i både bokmål og nynorsk. Samanliknar vi bokmål og nynorsk, ser vi likevel at passiv er meir sjelden i nynorsk enn i bokmål.

        Ei anna form er s-passiv: "Elevene høres i leksene." Denne forma for passiv kan ein ikkje nytte på nynorsk. Der må vi skrive: "Elevane blir høyrde i leksene." De såkalla st-verba kan vi berre bruke i passiv  når dei står saman med modale hjelpeverb: "Billettane må hentast innan to veker." Skriv du "Billettane hentast innan to veker", er det feil.

        I staden for å bruke passiv, kan du skrive om til aktiv ved å setje inn eit subjekt. Men det er ikkje alltid like lett å finne eit subjekt som høver. Da kan du i mange tilfelle bruke vi, du, de, dei, folk eller ein:

 

Dette klasserommet skal ryddast til neste time. -> Vi/Du/De skal rydde dette klasserommet til neste time.

Substantivbøyinga på nynorsk må lærast til i morgon. -> Du/De må lære substantivbøyinga til i morgon.

Det blir fortalt at prøva skal vere på fredag. -> Dei fortel at prøva skal vere på fredag.

Det blir sagt at filmen er god. -> Folk/Dei/Ein seier at filmen er god.

Dette kan gjerast på fleire måtar. -> Dette kan ein gjere på fleire måtar.

 

Laust samansette verb

Mange norske verb er bygde opp slik at dei har ein preposisjon eller eit adverb som førsteledd: forstå, innvende. Adverba og preposisjonane i slika samansetningar blir ofte kalla partiklar og verba partikkelverb. Vi skil mellom lause og faste samansetningar. I fast samansetning er verb og partikkel knytte saman (forstå), i laus er dei skilde(leggje saman). På bokmål kan ein i mange høve velje om ein vil ha laus eller fast samansetning, utgi eller gi ut. På nynorsk er ikkje valfridommen like stor. I dei tilfella der ein kan velje på bokmål, skal det som oftast vere laus samansetning på nynorsk. Setningane nedanfor viser skilnader mellom fast og laus samansetning:

 

Bokmål                             Nynorsk

Det fremgår av sammenhengen.   Det går fram av samanhengen.

Ledelsen utestengte arbeiderne. Leiinga stengde arbeidarane ute.

Forlaget utgir mange nye bøker.   Forlaget gir ut mange nye bøker.

 

Bokmålssetningane ser du har eit visst konservativt preg, og i dag bruker dei fleste laus samansetning på bokmål òg.

 

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 20.09.2006

© Cappelen Damm AS